Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) er eit insekt, ein av 77 artar spinnmøll (Yponomeutidae) i Noreg. Heggspinnmøllen er ein sommarfugl som lever i hegg i larvestadiet. Egga blir lagt i trea om hausten, om våren dekker larvane trea med eit kvitt spinn, under dette spinnet et dei treet snautt for knoppar og blad. Ut på sommaren forpuppar dei seg under spinnet, og er ferdige sommarfuglar på seinsommaren. Heggspinnmøllen har altså fire livsformer: egg, larve, puppe og imago (sommarfugl). Larven er gul med svarte prikkar, sommarfuglen kvit med svarte prikkar.
mini|venstre|Tre dekt av spinn frå heggspinnmøll. mini|Imago av heggspinnmøll mini|venstre|Stammene på desse trea. mini|venstre|Larvar og spinn på ei grein. Avhengig av veret og talet på rovdyr kjem åtak av heggspinnmøll som utbrot med nokre års mellomrom. Dette har ingen økonomiske konsekvensar for skogbruket, og trea overlever som oftast, dei kjem med nye blad seinare på sommaren. Trea kan sjå dramatiske ut under angrepet, og blir av og til kalla spøkjelsestre.
Angrep av heggspinnmøll er vanlegast på austlandet og nokså sjeldan på Vestlandet, sjølv om angrep i Bergensområdet fekk ein del merksemd sommaren 2007.«Spøkelsestrær i Bergen», bt.no
Botemiddel Når møllen er i larveform kan ein nytte bakterien Bacillus thuringiensis, før larvane spinn nettet. Ein kan òg spyle larvane av trea med vatn.
Kjelder Heggspinnmøll på Skogforsk Denne artikkelen er til dels omsett frå Häggspinnmal på Svensk Wikipedia, slik han såg ut 12. juni 2007. Den artikkelen hadde desse kjeldene: Alla dessa småkryp Naturhistoriska riksmuseet Naturhistoriska riksmuseet (igen) Knutpunkt Örebro SLU's Skogsskada Häggspinnmal.se Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sommarfuglar Kategori:Insekt i Noreg