Amhara (አማራ) er eit område nord i Etiopia, i dag ein delstat (kililoch) med Bahir Dar som hovudstad. Området har gjeve namn til språket amharisk og folkegruppa amharaer, som har kjerneområdet sitt her. Han var tidlegare kjend som Region 3.
Den største innsjøen i Etiopia, Tanasjøen, og det høgaste punktet, Ras Dashan i nasjonalparken Semien, ligg i Amhara.
I den etiopiske mellomalderen var Amhara delt inn i ulike provinsar, som Gondar, Gojjam, Begemder og Lasta.
Demografi Amhara har eit folketal på 19 120 005, derav 9 555 001 menn og 9 565 004 kvinner. 16 925 000 eller 88.5 % av innbyggjarane bur på landsbygda, 2 195 000 eller 11.5% bur i byane. Med eit flatemål på 159 173,66 kvadratkilometer, har region ein folketettleik på 120,12 per kvadratkilometer, basert på tal frå Central Statistical Agency i Etiopia (CSA) publisert i 2005.CSA 2005 National Statistics, Table B.3.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amhara Region» frå , den 23. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Etiopia