Periferiane i Hellas (gresk περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura. Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.

mini|400px|Kart som viser Hellas sine periferiar

Aust-Makedonía og Thráki Sentral-Makedonía Vest-Makedonía Ípiros Thessalía Dei joniske øyane Vest-Hellas Sentral-Hellas Attikí Peloponnes Dei nordlege egeiske øyane Dei sørlege egeiske øyane Kreta

I tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peripheries of Greece» frå , den 23. juli 2007.

Referansar

Kategori:Administrative inndelingar i Hellas

Hellas