mini|Ein typisk jordleiar som terminerast ned i eit jordspyd. Legg merke til fargekoden på sjølve jordleiaren: gul og grøn. Jording i sterkstraumsanlegg er viktig for tryggleiken i elnettet og elektrisk installasjonar i bygg. I samband med sterkstraumsanlegg er jording ein kritisk del av forskrifter, prosjekteringar, installasjonar.
I sterkstraumsanlegg har kvar einskild kurs ein separat leiar, kalla sikkerheitsjord, frå ei jordskinne i sikringsspapet til alle stikkontaktane tilkopla kursen. Jordskinna i sikringslapet er kopla til eit jordspyd av koppar, som er slege ned i jorda, eller ein uisloert leiar plassert i ei grøft rundt bygget.
Om det oppstår ein feil i eit apparat, slik at chassiet til apparatet kjem i kontakt med tilførsesleiarane kan det få ei spenning på 230 V (effektivverdi). Om ein person har kontakt med jord i elnettet, ved at han til dømes står på eit fuktig underlag, og samstundes er i kontakt med det spenningsførande chassiet, kan det gå ein stor nok straum gjennom han til at hjarta stoggar. For å hindra dette er chassiet kopla til sikkerheitsjord. Elektiske innstallasjonar er utstyrte med ein jordfeilbrytar, plasseert i sikringskapet, som detekterer at det går ein straum i jordleiaren, noko det ikkje skal gjera i ein feilfri innstallasjon. Jordfeilbrytaren vil då kopla ut kursen med feil. Alle apparat som ikkje er dobbeltisolerte bør vera kopla til jorda kontaktar.
Referansar E.B. Joffe og K.-S. Lock, Grounding - A circuit-to-system handbook, IEEE Press / John Wiley & Sons, 2010.
Sjå òg Elektrisk jord Jordingssystem i elnettet Lynavleiar
Kategori:Elektroteknikk Kategori:Elektrisk tryggleik