Periferieininga Magnisía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας, Periferiakí enótita Magnisías) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía. Hovudstaden i periferieininga er Vólos. Prefekturet Magnisía vart oppretta i 1947 ut av Lárisa prefektur. Om lag 70 % av innbyggjarane bur i storbyområdet rundt Vólos, som er den nest største byen i Thessalía og den tredje travlaste hamnebyen i Hellas.

Tidlegare inkluderte prefekturet Magnisía øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i Dei nordlege Sporadane, men frå 2011 er dei skilt utsom ei eiga periferieining, Sporadane.

Grunnstoffa magnesium og mangan, og dessutan omgrepet magnetisme er kalla opp etter Magnisía.

Geografi Magnisía grensar til Fthiótida i sørvest, Lárisa i vest og nord og Egearhavet i aust. I nord låg tidlegare den no uttørka Kárlasjøen, omgjeve av jordbruksområde i vest og fjell i aust.

Kommunar Periferieininga var tidlegare var ein del av Magnisía prefektur saman med Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. Frå 2011 har periferieininga dei fem kommunane Rígas Feréos (6) Vólos (1) Zagorá-Mourési (4) Sør-Pílio (5) Almyrós (2)

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Vólos Vólos 86 046 85 803 Néa Ionía Vólos 32 661 30 688 Almyrós Almyrós 7 955 7 244 Agriá Vólos 5 191 4 928 Néa Ankhíalos Vólos 5 132 4 518 Velestíno Rígas Feréos 3 044 2 922 Evxinoúpoli Almyrós 2 281 2 076 Dimíni Vólos 2 261 1 979 Zagorá Zagorá-Mourési 2 074 1 894 Stefanovíkio Rígas Feréos 1 970 1 468 Káto Lekhónia Vólos 1 487 1 347 Soúrpi Almyrós 1 457 1 295 Rizómylos Rígas Feréos 1 482 1 215 Argalastí Sør-Pílio 1 321 1 173 Áno Lekhónia Vólos 1 068 983 Kanália Rígas Feréos 1 015 893 Pteleós Almyrós 1 140 890 Anakasiá Vólos 1 012 888

Referansar

Kjelder

Magnisia

Magnisia