Glyfáda (gresk Γλυφάδα) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.

Glyfáda strekkjer seg frå foten av Ymittós til Saroniabukta. Det er ein av dei største forstadane til Aten i sør og er delt inn i Káto (nedre) Glyfáda ved sjøen og Áno (øvre) Glyfáda ved Ymittós. Området er i Hellas kjend for sitt yrande natteliv, dyre restaurantar og butikkar og kjendisane som kjem her.

I antikken var området eit deme kalla Aixone (Αιξώνη).

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Geografisk informasjon

Kjelde

Glyfada Glyfada Glyfada