Kilkís (gresk Κιλκίς, slavisk Кукуш, Kukuš, tyrkisk Kılkış) er ein kommune og ein industriby i periferieininga med same namn i Sentral-Makedonía i Hellas, der han er hovudstad.
Historie Byen vart styrt av Det osmanske riket før han vart teke av Bulgaria under den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren byen etter eit tre dagar langt slag 19. til 21. juni. Den greske sida mista over 5 000 soldatar, medan Bulgaria mista 7 000 og den greske sigeren var eit stort steg mot siger i krigen. Kilkís vart nesten lagd i grus under krigen og dei bulgarske innbyggjarane vart flytta til Bulgaria etter Neuillytraktaten. Den nye byen vart bygd opp att nærare jernbanen til Thessaloníki og vart busett av grekarar frå Bulgaria og Vesleasia.
Bulgaria okkuperte byen igjen under den andre verdskrigen, men han vart frigjeve i 1944.
Administrativ inndeling thumb|180px|left|Kart over kommunaleiningane i kommunen Kilkís. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Kilkís, no kommunaleininga Kilkís Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Kilkís Kroússa Doiráni Khérso Mouriés Pikrolímni Gallikós Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 45 308 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kilkís hadde 27 493 og tettstaden med same namn 23 182 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kilkís Kilkís 22 014 23 182 Néa Sánda Gallikós 1 693 1 235 Néo Ajonéri Pikrolímni 1 176 1 014 Kambánis Gallikós 1 170 977 Gallikós Gallikós 969 794 Stathmós Mourión Mouriés 1 040 775 Paleó Ajonéri Pikrolímni 886 773 Kristóni Kilkís 988 687 Khérso Khérso 814 665 Pedinó Gallikós 817 655 Mikrokámbos Pikrolímni 731 529 Drosáto Doiráni 713 523 Khorýjo Kilkís 668 494 Mavronéri Pikrolímni 535 454 Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kilkis» frå , den 17. september 2007.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)
Kilkis Kilkis Kilkis Kilkis Kilkis