Risten Sokki () er ein samisk lyrikar og lærebokforfattar frå Kautokeino. Ho arbeider som lærar ved samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Sokki har gjeve ut ei diktbok, ei novellesamling og ei barnebok. I tillegg har er ho representert i fleire litterære antologiar, og ho er medforfattar av tre lærebøker.

Ein av oldefedrane til Sokki var Aslak Jacobsen Hætta, som vart avretta som ein av leiarane for Kautokeino-opprøret i november 1852. Risten sine dikt gjenspeglar desse tapte slektsbanda.

Bibliografi Skjønnlitteratur Bonán bonán soga suonaid / Jeg tvinner tvinner slektas sener (dikt), 1996 Mu ártegis eallin / Mitt rare liv (barnebok) 2007

Undervisingslitteratur

Risten Sokki, Anne U. Dahl, Harald BerggreenLang: 1999 Lang, lang rekke: Lesebok, norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag ISBN 978-82-560-1148-3 Risten Sokki, Anne U. Dahl, Harald Berggreen; Snipp, snapp snute Lesebok; norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag 2000 ISBN 978-82-560-1242-8 Risten Sokki og Dahl: Lærerveiledning til norskverket: Elle melle mie; Lang, lang rekke; Snipp, snapp snute Norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag 2002 ISBN 82-560-1382-6

Representert i Cirkum polaris (nordnorsk antologi) 1997 Texere (antologi) 1998 Der veiene tar til (Barents-antologi) 1999 Nordnorsk temperament (diktantologi) 2001 Lothar Schneider (Hrsg.) Lappland (omsett til tysk) ISBN 3-85129-297-9

Bakgrunnsstoff Svein Lund: Samisk litteratur Skolenettet (Sjå m.a. s. 27)

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Nordsamar Kategori:Folk frå Kautokeino Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet