Blue Valentine er det sjette albumet til Tom Waits frå 1978 på Elektra Entertainment.

Waits gjorde nokre endringar på dette albumet i forhold til åra før. Han tilførte elektrisk gitar og elektrisk piano og hadde langt færre av balladane prega av piano og strykarar. I tillegg var albumet i mykje større grad bluesprega og ikkje så jazzaktig som dei tidlegare albuma.

Albumet opnar med ei utgåve av «Somewhere» frå West Side Story. «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» er ein typisk Waits-ballade der teksten, som opnar med «Charlie I'm pregnant...», er eit tenkt julekort frå ei prostituert dame i Minneapolis.

På baksida av plateomslaget kan ein sjå bilete Rickie Lee Jones på eit bilpanseret. Ho var kjæraste til Tom Waits på denne tida.

Innhald Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

«Somewhere (from West Side Story)» (musikk av Leonard Bernstein, tekstar av Stephen Sondheim) – 3:53 «Red Shoes by the Drugstore» – 3:14 «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» – 4:33 «Romeo is Bleeding» – 4:52 «$29.00» – 8:15 «Wrong Side of the Road» – 5:14 «Whistlin' Past the Graveyard» – 3:17 «Kentucky Avenue» – 4:49 «Sweet Little Bullet from a Pretty Blue Gun» – 5:36 «Blue Valentines» – 5:49

Musikarar Vokal - Tom Waits Elektrisk gitar - Tom Waits, Ray Crawford, Roland Bautista, «Shine» Robinson Bass - Scott Edwards, Jim Hughart, Byron Miller Piano - Da Willie Gonga (George Duke), Harold Battiste, Tom Waits Orgel - Charles Kynard Tenorsaksofon - Herbert Hardesty, Frank Vicari Trommer - Rick Lawson, Earl Palmer, Chip White Orkester - Bob Alcivar

Kategori:Tom Waits-album Kategori:Musikkalbum frå 1978