Oglio er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre med ei lengd på 280 km.
Oglio oppstår der dei to fjellelvane Narcanello frå Presenabreen og Frigidolfo frå Ercavallosjøen i Stelvio nasjonalpark renn saman. Desse to elvane har sine kjelder ved Corno dei Tre Signori i ei høgd 2 600 meter over havet. Elva renn saman nær Pezzo di Ponte di Legno.
Ogilo renn sørvestover gjennom Valcamonica og så Iseosjøen. Ho munnar ut i Po etter å ha passert fleire morener ved Torredoglio, ikkje langt frå Cesole og Scorzarolo i provinsen Mantua. Ho har eit nedslagsfelt på 6 649 km². Ho er ein del av det større Po-Adige-flodområde.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oglio» frå , den 23. november 2007.
Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Lombardia