Rubikiaisjøen er ein innsjø i Litauen. Han er kjend for alle øyane (13 eller 16) som til saman dekkjer eit areal på 1,1 km². Av busetnader langs innsjøen finn ein Rubikiai. Den vesle elva Anykšta renn ut frå innsjøen og ut i Šventoji. I 1960 vart Rubikiaisjøen erklært eit landskapsreservat og er i dag ein del av Anykščiai regionpark. Det er fleire campingstader langs innsjøen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Rubikiai» frå , den 23. januar 2008.

Kategori:Innsjøar i Litauen