Sjtip (makedonsk Штип) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia.

Kommunen har eit areal på 583,24 km² og hadde 44 866 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.

I 2021 hadde kommunen 44 866 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 42 000 innbyggjarar. Om lag 90 % av innbyggjarane er makedonarar.

Sjtip ligg der dalane Lakavitsa, Ovtsje Pole og Kotsjani møter kvarandre. Byen har eksistert i minst 2000 år. Dei to elvane Bregalnitsa og Otinja renn gjennom sentrum av byen. Åsen Issar med ei festning frå tidleg mellomalder på toppen ligg ruvar over byen, som ofte vert kalla «Byen under Issar».

Dei omliggande områda har lide på grunn av avskoging og dette har ført til lokale klimatiske endringar. Temperaturane om sommaren har vorte høgare (40 °C er ikkje uvanleg) og vintrane har vorte kaldare.

Sjtip er eit kulturelt og økonomisk senter i austlege delar av Nord-Makedonia og er den største tekstilprodusenten i landet. I tillegg har han eit universitet, Gotse Deltsjev universitet i Sjtip.

Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Sjtip 43 652 42 000 1 065 947 911 924 922 262 169 140

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettstaden til kommunen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Štip» frå , den 2. februar 2008.

Referansar

Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Aust