Bălți (russisk Бельцы, Beltsy, ukrainsk Бєльці, Beltsi) er ein by i Moldova. Han er den tredje største byen i landet med vel 100 000 innbyggjarar, men den økonomisk viktigaste etter hovudstaden Chișinău). Han er ein av fem moldovske byar som har status som større bykommune på distriktsnivå. Bălți vert stundom kalla «den nordlege hovudstaden» og er eit stor senter for industri, kultur, handel og transport i nordlege område av Moldova. Byen ligg 127 km nord for Chișinău ved elva Răut, ei sideelv til Dnestr, i eit åslendt landskap midt på Bălțisteppa.

Administrativ inndeling Bălți er ein større bykommune (municipiu) som blir rekna å vere på samme nivå som dei 32 distrikta som landet er delt inn i. I tillegg til sjølve byen Bălți, administrerer bykommunen òg dei to landkommunane (comuna) Elizaveta og Sadovoe.

Folketal Folketal 2004 Folketal 2014 Bălți 122 669 97 930 Elizaveta 3 523 3 221 Sadovoe 1 369 1 306 Bykommunen Bălți 127 561 102 457

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bălți» frå , den 5. februar 2008.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bykommunar i Moldova Kategori:Byar og tettstader i bykommunen Bălți