Stoppelfjorden er ein fjord på vestsida av Rolvsøya i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2 km austover til Stoppelfjordskjeret i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Stoppelfjordnæringen i nord og Knarrkjerringa i sør. Fjorden er 36 meter på det djupaste heilt ytst i fjorden. Molvikodden går utover i fjorden på nordsida. Nord for Molvikodden ligg Stoppelfjordmolvika.
Kategori:Fjordar i Måsøy