Rogen (sørsamisk Rovje) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Engerdal i Innlandet og Røros i Trøndelag, og utgjer 0.85 km² av arealet til innsjøen. Resten ligg i Sverige, i vestre Härjedalen. Utløpet ligg i Noreg og når via elva Røa sjøen Femunden. Dette er det same vassdraget som Trysilelva, Klarälven og Göta älv lenger nede er ein del av.

Den norske delen ligg i Femundsmarka nasjonalpark. Òg på svensk side ligg sjøen i nasjonalpark, Rogen nasjonalpark.

Området rundt Rogen er eit særprega morenelandskap. Fenomenet finst fleire stader, men er spesielt tydeleg her, og vart tidleg skildre herfrå. Det har derfor fått namnet Rogenmorene.

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Engerdal Kategori:Innsjøar i Härjedalen Kategori:Innsjøar i Røros Kategori:Den norsk-svenske riksgrensa Kategori:Trysilvassdraget