Fallsjøen, òg kalla Nordre Røgden, er ein innsjø som ligg i Åsnes kommune i Innlandet på grensa mellom Noreg og Sverige.
Innsjøen har eit samla areal på 5,15 km², der 3,30 km² av dette ligg i Noreg. Utløpet til Fallsjøen heiter Rotbergsåa og renn ned til Rotbergsjøen.
I eldre tider var det mange kverner langsmed dette vassdraget. Det vart før fløyta mykje tømmer til Sverige her.
Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Innsjøar i Värmland Kategori:Geografi i Åsnes