Felice Matteucci () var ein italiensk hydraulikkingeniør som er kjent for, saman med Eugenio Barsanti, å ha utvikla ein av dei fyrste motorane med indre forbrenning.
Matteucci var fødd i Lucca i Toscana i Italia. Han studerte hydraulikk og mekanikk i Paris og i Firenze. I 1851 råka han Barsanti som var oppteken av å laga ein motor med indre forbrenning. Matteucci fann ideane til Barsanti interessante og dei gjekk saman om å utvikla ein slik motor.Barsanti e Matteucci, Fondazione Barsanti e Matteucci. (vitja 17/4-2008) Dei to ingeniørane tol til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864. For soga om dette samarbeidet sjå atikkelen Barsanti og Matteucci. Matteucci klarte ikkje å halda fram drifta på eiga hand, så produksjonen vart lagt ned og Matteucci gjekk tilbake til den gamle jobben sin.
Sjå òg Eugenio Barsanti
Referansar
Kategori:Italienske ingeniørar Kategori:Italienske oppfinnarar Kategori:Forbrenningsmotoroppfinnarar Kategori:Industrihistorie