Geirr Tveitt (), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist. Han skreiv klaverkonsertar, ballettar, operaer, viser og songar, og verk for kor og orkester. Velkjente verk er mellom anna «Hundrad folketonar frå Hardanger» og visa «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta».

I 1973 vann Tveitt Årets verk for «7 sanger til tekster av Ragnvald Skrede».

I Store Norske Leksikon skreiv Sverre Edvardsen at komponisten var eigenarta, og i musikken hans møtest det norske og det kontinentale i ein fruktbar syntese, og "Særlig karakteristisk er hans bruk av modale tonearter (kirketonearter), åpne klanger og taktvekslinger".https://snl.no/Geirr_Tveitt Vitja 2018-05-12

Liv Dei første åra mini|Tveitt hadde tette band til Norheimsund, der familiegarden låg. Garden Tveit ligg i Vikøy innanfor odden ein ser til høgre i biletet. Geirr Tveitt vart fødd på Nordnes i Bergen der familien budde til han var fire år. Han vaks opp òg i Drammen; Faren Lars Tveit var styrar på Danvik kristelege ungdomsskule i noverande Drammen i ni år, før han vart lærar i heimbygda Kvam i Hardanger. Familien dreiv framleis garden Tveit om sommaren, også medan dei budde i Drammen.

I Hardanger kom Tveitt tidleg i kontakt med vokal folkemusikk og hardingfele. Gymnastida hadde han på Voss der han leidde sitt eige orkester, Vesle-Frikk, og der han freista seg med sine første symfoniar og operaer. Han fekk undervisning både i fiolin og klaver, og vart følgd opp av Christian Sinding.

Han vart døypt Nils Tveit, men skifta i ungdomen førenamn, først til Nidvu og deretter til Geirr, og la på ein ekstra «t» i etternamnet.

Studiar i Tyskland mini|Christian Sinding var ein viktig rådgjevar for Geirr Tveitt Etter råd frå Christian Sinding drog Tveitt i 1928 til Leipzig i Tyskland for å studere, slik Edvard Grieg og andre nordmenn hadde gjort før han. Han fekk undervisning i komposisjon av Hermann Grabner på Leipzig-konservatoriet. Han forlét Leipzig etter fire år. I dei komande åra studerte han periodevis i Paris der han fekk undervisning i komposisjon og orkestrering av Arthur Honegger og den brasilianske komponisten Heitor Villa-Lobos. I Wien fekk han undervisning av Egon Wellesz før han flytta tilbake til Noreg.

Debut Komponistdebuten fann stad i april 1931 med Klaverkonsert i f-moll. Den inneheld tre satsar og varer om lag 20 minutt. Alfred Szendrei dirigerte Leipzig symfoniorkester og amerikanaren Herman Berlinski var solist. Året etter spelte Ingebjørg Gresvik, den framtidige kona hans, verket i Oslo. Harald Sæverud skreiv i Bergens Tidende at «Konserten er et forsøk på å fylle de store former med uforfalsket norsk musikk, med folkevisestemning og slåtter som bærende grunnlag... Som helhet var verket meget velskapt, morsomt og takknemlig.»

Til å vere ein klaverkonsert er verket oppbygt utradisjonelt med ein roleg første sats, ein tranquillo, deretter følgjer ein spenstig giocoso som andre sats. Finalen har òg eit roleg preg, ein lento.

Gjennombrot Tveitt stilte for første gong sjølv som konsertpianist i Noreg den 2. mars 1934 i Handelens og Sjøfartens Hus med nye klaverstykke inspirert av norsk folkemusikk, deriblant kadensar til tre klaverkonsertar, der òg felespelaren Halldor Meland medverka. Nokre dagar seinare presenterte Harald Heide og Harmoniens orkester i Bergen Konsert for strykekvartett og orkester, som skapte begeistring blant kritikarane.

Tveitt arbeidde òg med musikkteori og fekk ros av dirigenten Felix Weingartner og andre musikkekspertar, som den franske komponisten Florent Schmitt, for ei avhandling som han ville ta doktorgraden på: «Tonalitätstheorie des. parallellen Leittonssystems» (Gyldendal, 1937). Men han kom på kant med juryen som han meinte ikkje hadde nok fagkunnskap, og han trekte difor avhandlinga attende.

I dei seks åra var han busett i Oslo og til han forlét byen, følgde ein straum av komposisjonar med balletten Baldurs Draumar som høgdepunktet. Operaen Dragaredokko skriv seg også frå denne perioden. Den vart framført av Harmonien og av Filharmonisk Selskaps Orkester vinteren 1940-1941.

mini|Baldurs Draumar handlar om den norrøne guden Balder. Eit dramatisk høgdepunkt er der Balder vert drepen av Hod og Loke.

Norrøn kulturarv og eget verk Baldurs Draumar Balletten Baldurs Draumar, vart urframført i klaverversjon i 1935. Stykket var eit koreografisk drama i to versjonar for klaver og for symfonisk besetning, med eller utan songsolistar. Oppføring med dans lukkast det ikkje å få i stand. Tveitt framførte sjølv pianoversjonen i Leipzig og Berlin i 1935. Verket vart framførte to gonger i Oslo i 1938. Komponisten dirigerte sjølv, og orkesteret hadde ved det høve så mykje som 100 musikarar.

Baldurs Draumar vart vurdert som den viktigaste musikalske hendinga i Oslo det året. Verket er storfeldt lagt opp og hentar emnet sitt frå norrøn mytologi, det vil seie frå den eldre og yngre Edda. Delar av verket vart seinare oppført i København og Paris.

Tveitt skaffa seg tidleg god kjennskap til den norrøne kulturarven og lærte seg til å tale norrønt. Trass i den kristelege ættebakgrunhnen såg han på seg sjølv som ein slags heidning og innførte si eiga tidrekning etter oppdaginga av Vinland av Leiv Eiriksson .

Politiske haldningar og kulturpolitisk virke Han hjelpte jødiske musikarar og slost for mellom anna jødisk og russisk musikk.Hans Jørgen Hurum: Musikken under okkupasjonen, Oslo 1946, og Storaas, Reidar 2008 s. 174-88, kapittelet «Oppgjer på livet laus». mini|Tveitt var engasjert i NS si frivillige arbeidsteneste før krigen.

Geirr Tveitts interesse for det norrøne gjekk attende til barndomen, og hadde bakgrunn i det folkehøgskulemiljøet han voks opp i. Likevel har denne interessa, saman med interessa for Ragnarok-miljøet, ført til at han vart mistenkt for å ha nazisympatiar, også etter at han braut med dei.

Hausten 1940 lét Tveitt seg velje til formann i Departementets mellombelse konsultative råd i kunstnarlege spørsmål. Det var eit ubetalt verv. Sjølv om dei andre i rådet seinare trekte seg, heldt han fram som musikkonsulent i staten fram til 1942]. Grunnen var at Norsk Musikerforbund bad han å bli som ei motvekt mot okkupasjonsmakta som ville innføre det dei kalla nyordningar:

«Så seint som sommaren 1941 hadde formannen [i Norsk Musikerforbund], Gustav Hammerstrøm, innstendig oppmoda Tveitt om å stå på post for så langt som råd var å berga musikklivet mot øydeleggjande nyordningar.»Storaas, Reidar 2008, s. 175. Storaas legg fram tidlegare upublisert materiale i denne boka.

Verksemda som konsultativt råd fekk langvarige negative følgjer for komponisten, sjølv om han motarbeidde Nasjonal Samling og aldri var medlem der. I protest mot okkupasjonsstyret og den nazistiske musikkpolitikken sa han frå seg vervet som musikkkonsulent i 1942. Høgsterettsdomar Erik Solem skriv i eit brev til Utanriksdepartementet av 06.02.1947: «det er vel få som så tydelig og inngående har sagt 'kulturdepartementet' sin mening som Tveitt har gjort i fryktesløse vendinger.»Klassekampen 26.01.08.

Han fekk kunstnarlønn frå 1941. Forslaget om kunstnarlønn til Geirr Tveitt, som var underskrive av eit ti-tals framståande kulturpersonlegdomar, vart handsama av regjeringa Nygaardsvold i 1938. Det var nett då uheldigvis ingen gasje ledig. Det vart lova at han skulle ha den neste kunstnarløna som vart ledig, og då Iver Holter døydde, «arva» Geirr Tveitt denne. Dette skjedde to veker etter at okkupasjonen var eit faktum. Embetsverket iverksette då ei avgjerd som altså allereie låg der frå tida før okkupasjonen. Under den sterke polariseringa etter okkupasjonen vart ikkje denne bakgrunnen akseptert, og Geirr Tveitt vart fråteke kunstnarlønna. Han fekk att kunstnarlønna først i 1958.

Geirr Tveitt flytta frå Oslo til Norheimsund i 1942. I Hardanger stødde Tveitt motstandsarbeidet. Tveitt hyste mellom anna motstandsfolk i heimen sin.Arnfinn Haga: Det regner i fjellet (1974) ISBN 82-514-0111-9. Likevel vart han ekskludert frå TONO og Norsk Komponistforening i eitt år etter krigen. Tveitt oppfatta dette som eit justismord. Han ønskte sjølv at tilhøvet hans skulle granskast av den uavhengige rådgjevande nemnda for opprydding i kunstnarorganisasjonar. Nemnda, som var nedsett av Justisdepartementet, frifann Tveitt for klagar om unasjonal haldning, men gav noko kritikk for at han hadde motteke kunstnarlønn og arbeidsstipend.

Frå 1947 var han igjen på repertoara til dei store institusjonane i utlandet.

Av granskingsnemnda sitt dokument Skrivet frå den uavhengige rådgjevande nemnda for opprydding i kunstnarorganisasjonar er datert 6. mai 1946 og er underskrive av Erik Solem, Leif S. Rode og Fr. H Winsnes. Etter å ha lista opp i alt fire punkt som gjaldt Geirr Tveitts gjeremål under den tyske okkupasjonen, blir det konkludert på følgjande måte:

«Nemnden finner ikke at Geirr Tveitt ved sitt forhold i noen av disse punkter har forrådt Norges sak.»

Nemnda uttalar vidare at Geirr Tveitt dreiv direkte antinazistisk arbeid og skriv «at det neppe er tvilsomt at Tveit har vært til hjelp for den nasjonale front i sitt arbeid i det konsultative råd, og at en må godskrive ham, i alle fall delvis, at en rekke nazistiske tiltak strandet. Videre er den samd i at Tveitt i det hele synes å ha benyttet alle midler som var til rådighet for å holde sin linje, og har ført en kraftig og uredd penn med risiko for sin egen sikkerhet. Til slutt har han uten omsvøp sagt klart fra om grunnene for sin fratreden.» (Dvs. at Tveitt, på ein måte som ikkje var til å misforstå, har sagt klårt frå om kvifor han gjekk ut av det konsultative råd).

Karrieren etter krigen Attende i Hardanger kvarv Tveitt frå rampelyset. Han la no ned eit stort arbeid i å teikne ned vokalmelodiar frå folketradisjonen, i hovudsak frå Hardangerregionen. Han samla i løpet av livet sitt rundt 1000 slike. Dette materialet vart grunnlaget for det populære instrumentalverket «Hundrad hardingtonar frå Hardanger».

NRK På 1960- og 1970-talet arbeidde Tveitt i NRK radio som programsekretær, og det er frå denne perioden at mange av dei mest kjende songane skriv seg, til poesi av lyrikarar som han presenterte i programma, mellom anna Arnulf Øverland, Aslaug Vaa og Herman Wildenvey. I NRK har han òg, på karakteristisk vis, sunge inn nokre av folketonane han samla inn.

Turné i Europa I åra 1947-54 turnerte Geirr Tveitt ei rekkje stader i Sør-Europa, mellom anna var han fleire gonger i Paris. Han var omtykt, og mange av konsertane var store suksessar. Som pianist framførte han verk av Edvard Grieg, Frédéric Chopin og Franz Liszt, attåt eigne komposisjonar.

Han skreiv kompliserte orkesterpartitur mest utan kladd eller skisser. Hans andre konsert for hardingfele og orkester, «Tri fjordar», vart skriven rett ned. Solisten som skulle urframføre konserten sa seinare at notane var så fint skrivne at han trudde det måtte liggje eit omfattande skissearbeid bak. Tveitt var òg svært impulsiv. Han kunne brått finne på å endre eit verk under ei framføring dersom han fekk eit godt innfall. Illustrerande for hans improvisatoriske evne er ein situasjon frå 1947 då han skulle spele eit Grieg-stykke direkte på BBC radio i London. Medan han sat og venta på klårsignalet, fekk han brått jarnteppe og hugsa ingenting. Han improviserte då eit «nytt» Grieg-stykke på direkten.

Han er òg kjent for folketonar frå Hardanger. Desse finst i ein klaverversjon med 50 nummer, og som fire orkestersuitar med til saman 60 nummer. Han fekk òg stor åtgaum for klaversonaten sin nr. 29, Sonata eterar, og den fjerde klaverkonserten, Aurora Borealis (Nordljos) som er eit av dei mest modernistiske verka hans. Her blir nordlyset skildra i tre satsar: Nordljoset vaknar yvir haustfargane - Det glitrar pao vinterhimlen - og siglar burt i vårnatti

Ulykker