Erik-Ørn Gjems-Onstad () var ein norsk politikar, høgsterettsadvokat og innvandringsmotstandar.
Liv og virke Erik Gjems-Onstad vart fødd i Oslo. Under andre verdskrigen deltok han i motstandarbeid, og vart høgt dekorert. Han deltok i Kompani Linge og stod bak Milorg i Trøndelag.
Gjems-Onstad vart vald inn på Stortinget for Anders Langes Parti (ALP) frå Akershus i 1973, som dåverande «nestkommanderende» for partiformannen Anders Lange. Han vart ekskludert frå partiet i 1976 då han anbefalte veljarane å stemme på Høgre ved stortingsvalet 1977, fordi ALP uansett ville få for lita oppslutning.
Sidan vart Gjems-Onstad kjend som forsvarsadvokat for fleire kjende norske høgreradikale og høgreekstreme personar. Han fremma ei rekkje klagemål på vegner av personar med tilknyting til det ny-nazistiske miljøet i Noreg. I ei årrekkje var han aktiv med debattartiklar i fleire aviser og tidsskrift. Han gav ut fleire bøker og publikasjonar, mellom anna bladet Nytt og kommentarer som starta opp i 1984.
Den tidlegare høgsterettsadvokaten var medlem av både Folkebevegelsen mot innvandring (FMI) og Pensjonistpartiet (PP), og sjølv såg han inga motsetning mellom FMI og PP. Ved kommunevalet i 2007 var han listetopp for Pensjonistpartiet i Asker.
I august 2007 uttalte han at «Norge er nordmenns fedreland» under ein valdebatt send i radioprogrammet NRK Østlandssendingen. Han fortsette med «Nordmenn er en nasjon innen den hvite rase. Mange tør ikke si det, men det er realiteten». I innslaget framstilte han Pensjonistpartiet som det mest innvandringskritiske partiet i landet. Pensjonistpartiet sin leiar truga straks med eksklusjon.NRK 21.08.2007: Truer med eksklusjon
Anna Gjems-Onstad spelte seg sjølv i filmen Det grodde fram frå 1947. Gjems-Onstad vart i 1939 noregsmeister på sykkel for junior. I 1967 tok han initiativet til sykkelrittet Den store styrkeprøven mellom Trondheim og Oslo der han sjølv deltok over eitt dusin gonger.
Utgjevingar 1981: Psykologisk krigføring i Norge - DURHAM - hemmelige operasjoner mot tysk okkupasjonsmakt 1943-45 1984: Dagbok fra Tanzania - u-hjelp uten mening 1984: Dagbok fra Israel- reiser og tanker 1985: Syd-Afrika i dag - boikott eller samarbeid 1990: LARK Milorg i Trøndelag. 1993: Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren 1994: Myrdal-sakene 1994: Psykologisk krigføring i Norge under Annen Verdenskrig 1940 - 45 Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste ISBN 82-90539-05-3
Prisar og utmerkingar
1941: Honorary Member of The Most Excellent Order of the British Empire 1942: Haakon VIIs 70 års medalje 1944: St. Olavsmedaljen med eikegrein 1945: Deltakarmedaljen 9. april 1940 - 8. mai 1945 1945: The 1939-45 Star 1945: Defence Medal 1945: War Medal 1947: Krigskorset med sverd 1978: Idrettsmerkestatuetten 1982: Vernedugleiksmedaljen
Stortingskomitéar 1973–1977 medlem i Finanskomitéen 1973–1977 medlem i Valkomitéen
Kjelder Artikkelen er opphavleg henta frå Wikipedia på bokmål
Bakgrunnsstoff http://www.imdb.com/title/tt0266601/ Stortinget.no - biografi FMI sin biografiske presentasjon av Erik Gjems-Onstad Opne brev om innvandring og innvandrarar frå Erik Gjems-Onstad Myrdal-sakene
Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Medlemmar av Kompani Linge Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske syklistar Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein Kategori:Æresmedlemmer av Order of the British Empire Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Pensjonistpartipolitikarar