Radom er ein by sentralt i Polen som ligg ved elva Mleczna i Masoviske voivodskap (sidan 1999), og var tidlegare hovudstad i Radom voivodskap (1975–1998). Han ligg omtrent 100 km sør for hovudstaden i Polen, Warszawa. Trass i at han ligg nær Warszawa var ikkje Radom historisk ein del av den polske regionen Masovia, men Veslepolen.

Dei største industriane i byen er lêr, glas og kjemikaliar. Historie Radom vart grunnlagd i 1340, og høydre til Sandomierz voivodskap (del av Veslepolen) i Kongedømet Polen, og seinare Det polsk-litauiske samveldet. Under delingane av Polen kom han først til Austerrike, så til Russland på 1800-talet, før han kom tilbake til Polen etter den første verdskrigen i 1918.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Radom» frå , den 15. juni 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Polen Kategori:Masoviske voivodskap Kategori:Shtetlar