Jiu (latinsk Rabon; ungarsk Zsil) er ei elv sør i Romania. Ho startar nær Petroșani der elvane Jiul de Vest og Jiul de Est renn saman.
Ho renn sørover gjennom dei rumenske fylka Hunedoara, Gorj og Dolj før ho munnar ut i Donau eit par kilometer oppfor den bulgarske byen Orjahovo. Ho har ei lengd på 331 km og eit nedslagsfelt på 10 070 km².
Den øvre Jiudalen rundt Petroşani og Lupeni er det største kolgruveområdet i Romania.
Buar og landsbyar Jiu renn gjennom følgjande byar frå kjelda til munningen: Petroșani (Jiul de Est), Lupeni (Jiul de Vest), Bumbești-Jiu, Turcinești, Târgu Jiu, Filiași, Craiova
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jiu River» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Trasee turistice - județul Dolj
Kategori:Elvar i Romania Kategori:Hunedoara fylke Kategori:Gorj fylke Kategori:Dolj fylke Kategori:Sideelvar til Donau