Arad er hovudstaden i Arad fylke, vest i Romania, i Transilvania. Han ligg ved elva Mureș og har om lag 145 000 innbyggjarar.

Arad er ein moderne by, eit viktig industrisenter og eit transportknutepunkt. Han er òg eit bispesete med domkyrkje og har to universitet og eit musikkonservatorium.

Byen vart grunnlagd i 1156 og høyrte til Det osmanske riket frå 1552 til 1685. Etter 1685 kom byen inn under Ungarn som måtte gje frå seg byen til Romania i 1918.

Busetnader mini|Kommunen Arad innanfor Arad fylke

Arad er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Arad 159 074 145 078

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger delvis på «Arad» frå , den 9. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Arad fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Arad fylke