Steinar Breidsvoll Hoen () er ein norsk forretningsdrivande og tidlegare friidrettsutøvar. Han representerte IK Tjalve i Oslo. Han vart europameister i høgdehopp 9. august 1994 med resultatet 2,35 meter, som inntil 9. august 2006 (altså på dagen 12 år) var meisterskapsrekord for europameisterskap i friidrett. Hoen er 1,92 m høg.
Hoen sette sin første norske rekord den 22. juni 1991 med eit hopp på 2,27 m. Ein månad seinare sletta Håkon Särnblom denne rekorden. Denne rekorden hadde Särnblom i berre fjorten dagar, til dess Hoen 4. august 1991 gjekk over 2,29 m i eit stemne i Bergen. Sidan forbetra han den norske rekorden centimeter for centimeter til han stoppa på 2,36 meter.
Hoens personlege rekord, 2,36 m, oppnådde han i tre tevlingar. Første gongen innandørs 12. februar 1994 i tyske Balingen. Også året etter hoppa han 2,36 m innandørs. Utandørs gjekk han også over denne høgda; 1. juli 1997 på Rådhusplassen i Oslo, noko som er gjeldande norsk rekord. Ved 32 tevlingar hoppa han 2,30 m eller høgare. Han la opp i 1999.
Hoen har sidan 2007 vore leiar for Bislett Games.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 Tokyo – 14. plass, 2,20 m OL 1992 Barcelona – utslått i kvalifiseringa (15. plass, 2,23 m) VM 1993 Stuttgart – 7. plass 2,25 m EM 1994 Helsingfors – Gullmedalje, 2,35 m, framom Artur Partyka og Steve Smith (2,33 m) VM 1995 Göteborg – 4. plass, 2,35 m OL 1996 Atlanta – 5. plass, 2,32 m VM 1997 Aten – 4. plass, 2,32 m EM 1998 Budapest – 6. plass, 2,30 m
Medaljar norske meisterskap Gull: 1991, 1993-98 Bronse: 1992
Personlege rekordar og årsbeste År 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 Høgde 2,29 2,30 2,32 2,35 2,35 2,32 2,36 2,30 Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Noreg Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen