Hallo Telenor er ein song av det norske bandet Hellbillies. Melodien har i likskap med fleire av andre songar av Hellbillies band både til folkemusikk og moderne pop/rock. Teksten er eit bygdepolitisk innspel til debatten om breibandssamband til distrikta. Dette var ei sak som tidlegare leiar av Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, særleg gjorde seg til talsmann for.Senterpartiet.no: SP innfører den digitale allemannsretten Teksten er forfatta av bandmedlem Arne Moslåtten og blei raskt ein radiohit etter lanseringa i 2007. Saka fekk så stor merksemd at Telenor valde å kommentere ho i sitt eige Telenormagasinet.

Referansar

Bakgrunnsstoff Hellbillies heimeside

Kategori:Norske songar Kategori:Songar frå 2007 Kategori:Hellbillies-songar