mini|Tankanlegget på Fagerstrand fotografert i 2013 Fagerstrand er ein tettstad heilt sør i Nesodden kommune i Akershus, på vestsida av Nesoddlandet, ned mot Oslofjorden. Staden har . Det er vel 16 kilometers køyring nordover frå Fagerstrand til Nesoddtangen.
På Fagerstrand ligg Bakkeløkka ungdomsskole og barneskulen Myklerud skole.
Norsk Brændselolje, som var skipa som aksjeselskap i Oslo i mai 1920, hadde frå 1922 hovudtankanlegget sitt på Fagerstrand. Frå dette tankanlegget vart det selt bensin, fyringsolje (brenselolje), dieselolje og solarolje. Etter andre verdenskrigen vart Norsk Brændselolje A/S distributør av produkta til British Petroleum (BP) i Noreg, som i samband med dette overtok femti prosent av aksjane i Norsk Brændselolje A/S. Heile selskapet vart i 1976 overteke av Statoil, som omorganiserte det. Oljelageret på Fagerstrand og den tilhøyrande smøreoljefabrikken er framleis i drift.
Sjå òg Tettstader i Akershus
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oslo og Akershus»
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Fagerstrand på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Geografi i Nesodden Kategori:Tettstader i Akershus