Manawatū-Whanganui (uoffisielt Manawatu-Wanganui) er ein region i den sørlege halvdelen av Nordøya på New Zealand, kring byane Palmerston North og Wanganui. Palmerston North er administrasjonssenter i regionen.
Geografi Administrasjon Regionen består av heile eller delar av ti separate distrikt. Fem av desse er delte med fem andre regionar, det meste for nokon av regionane i landet. I fallande rekkefølgje av areal er distrikta: Ruapehu, Tararua (del av), Rangitikei (del av), Manawatu, Wanganui, Horowhenua, Stratford (del av), Palmerston North, Waitomo (del av), og Taupo (del av).Oversyn over distrikt på New Zealand
Generelt Manawatū-Whanganui er dominert og avgrensa av nedfallsområda til to større elver, Whanganui og Manawatū. Whanganui er den lengste farbare elva på New Zealand. Denne elva var svært viktig for dei første maoribusetjarane fordi ho er den sørlegaste delen av ei kjede av vassvegar som som spente over nesten to tredjedelar av Nordøya. Det var eit av dei viktigaste områda der maoriar busette seg; det var lett å erobra klipper, og matforsyningane var rikelege. Maoriforteljingar understrekar kor viktig denne elva har vore, og ho er enno heilag for iwiar i Wanganui. Maoriar langs kysten og på slettene i låglandet dyrka søtpotet (kumara) og andre avlingar.
Mykje av Manawatū-Whanganui-regionen var fruktbar og elles dekt med skogar og buskvekstar då europearane kom og fann at området hadde store førekomstar av tømmer. Sagbruk og produksjon av tauverk frå Phormium var dei dominerande næringsvegane i det 19. hundreåret, etterfølgd av av ei tilstrøyming av sauebønder som drog nytte av den nyleg rydda jorda. Snauhogst, brenning av tømmer og busker og ei storstilt drenering saman med overbeiting førte til betydeleg øydelegging av miljøet. Tidleg på 1900-talet vart styresmaktene klare over at nøye tilsyn og styring var naudsynt for å ta vare på dette viktige jordbruksområdet.
Medan dei opne slettene Manawatu Plains etter kvart vart tett busette av europearar, vart innlandsområda som Ruapehu, Rangitikei og Wanganui verande meir maoridominerte, avsidesliggjande og uavhengige. Så seint som på 1950-talet var Whanganui River enno ei mystisk elv. Seinare, då utnyttinga av elva sine kommersielle potensial opna opp områda, skapa dette ofte gnissingar med dei lokale māoriane som lenge hadde hatt klagemål mot styresmaktene. Regionen er blitt eit av dei viktigaste beiteområda på New Zealand, denne statusen stadfesta styresmaktene då landbruksutdanning ved Massey Agricultural College vart opna i 1920-åra.
Topografi Manawatū-Whanganui-regionen omfattar ein større del av den sørlege delen av Nordøya. Han er den nest største regionen på Nordøya, og den sjette største på New Zealand, med eit areal på i alt 22 215 km² (8,1 % av det totale arealet til New Zealand). Regionen strekkjer seg frå nord for Taumarunui til sør for Levin på vestkysten, og over øya til austkysten frå Cape Turnagain til Owhanga. Han grensar til Waikato, Taranaki, Hawke's Bay og Wellington og omfattar nedfallsområda frå vulkanplatåa til havet. Stillehavet utgjer den austlege avgrensinga, og høgdedraget Ruahine Ranges dannar ei naturleg grense mellom regionen og Hawke's Bay. Det er ti distrikt i regionen, og fem av desse er delte med andre regionar.
Dette utstrekte landområdet omfattar ei rekkje landskapsformer. Distrikta nær det vulkanske området Volcanic Plateau ligg høgare og er meir ulendt, og er ofte utsett for streng kulde om vinteren. Manawatu District har ein jamnare topografi, der dei flate, trekledde slettene Manawatu Plains utgjer mykje av distriktet som strekkjer seg mellom fjellrekkjene og havet. Landet låg under havoverflata fram til for om lag 500 000 år sidan, og og har enno eit tjukt lag av marine sediment, mellom fem og seks millionar år gamle. Ei forkastingssone under dette tjukke sedimentære laget har danna ein serie kollar og mindre senkingar i landskapet. Desse strukturane kan danna naturlege reservoar for olje, og der har vore leiteboring i somme av kollane i Manawatu. Kollane har forma elveløpet til Manawatu-elva, og gjeve det eit buktande forløp som, eineståande blant newzealandske elver, byrjar nær austkysten, og renn ut ved vestkysten. Manawatu-elva byrjar like innanfor Hawke's Bay-regionen, renn så gjennom ei djup slukt til Manawatu Plains før ho munnar ut i Tasmanhavet. Wanganuidistriktet er meir ulendt, med canyon-liknande dalar og slukter som er gravne ut or dei mjuke klippene av elver og av havet.
Det ligg fleire fjellrekkjer i regionen, mellom desse Tararua og Ruahine Ranges - i tillegg tre større, aktive vulkanar på Nordøya. Desse tre toppane tårnar seg opp over det vulkanske platået. Mount Ruapehu, 2 797 moh. er det høgaste fjellet på Nordøya, Ngauruhoe er 2 291 m høgt og Tongariro 1 968 m. I løpet av dei siste 100 åra har Ruapehu hatt seks større utbrot, dei siste så seint som i 1995 og 1996.
Tre større elver deler opp regionen: Whanganui (290 km), Manawatu (182 km) og Rangitikei (241 km). Whanganui er den nest lengste elva og har det nest største nedslagsområdet på Nordøya, og tek mot det meste av nedbøren vest for Tauposjøen. Det er få vegar i området, som har nokre av dei største viddene med naturleg skog som er att på Nordøya.
Jordlag og vêrlag Jordsmonnet i regionen er fruktbart når det vert gjødsla. I Manawatu og Horowhenua-distrikta er det sandjord og sumpområde langs kysten og løss-dekte terrassar og elvesletter i innlandet. Desse elveslettene og sumpområda inneheld fruktbare grusavsetjingar (alluviale avsetjingar) og organisk jordsmonn. På dei tørrare terassane i innlandet er gulgrå jordslag vanlegast. Det flatare og mest grøderike jordsmonnet høver for sauehald og dyrking, medan det bakkete landskapet i Rangitikei høver betre for mindre intenst saue- og kveghald. Områda nær det vulkanske platået består for ein stor del av pimpstein som manglar essensielle sporelement, men i dette området av regionen er mykje av landskapet nasjonalpark.
Manawatū-Whanganui har eit heller mildt klima, men det kan vera store svingingar i vêrlaget i innlandet. Hotellkomplekset Chateau Tongariro som ligg i skisportområdet ved Mount Ruapehu, har målt den lågaste temperaturen nokon gong på Nordøya, -13,6 Celsius°C den 7. juli 1937. Om sommaren er regionen varm, maksimumstemperaturane midt på dagen ligg mellom 20,1 og 22,9 °C. Talet på solskinstimar ligg i det meste av regionen nær landsgjennomsnittet, mellom 1 800 og 2 000 timar årleg, men Palmerston North er meir overskya med eit gjennomsnitt på 1 725 solskinstimar i året. Om vinteren ligg minimum dagtemperatur i gjennomsnitt mellom 4,0 og 7,9 °C, medan innlandet er kaldare. Waiouru har ein gjennomsnittleg dagtemperatur på 0,1 °C.
Nedbørsmengda på slettene ligg litt under landsgjennomsnittet, Palmerston North har i gjennomsnitt 960 mm nedbør årleg, medan resten av regionen ligg kring gjennomsnittet for New Zealand med mellom 1 000 og 2 000 mm årleg.
Verna område og nasjonalparkar Manawatū-Whanganui-regionen omfattar område som er av stor økologisk interesse, og dette har gjeve seg uttrykk i at om lag ein sjuandedel av landarealet her høyrer til dei verna områda til nasjonen. Tongariro National Park er det største verna området i regionen (795,98 km²), og den eldste nasjonalparken i landet, oppretta i 1887. Vulkanane Tongariro, Ruapehu og Ngauruhoe er heilage for māoriane og vart gjevne til nasjonen av Te Heuheu Tukino IV, overhøvding i iwien Ngati Tuwharetoa. Dei utgjer kjernen i parken, som no har fått status som eit verdsarvområde.
Whanganui nasjonalpark er litt mindre (742,31 km²) og vart oppretta 99 år seinare då ei rekkje verna reservat vart innlemma i parken og gjevne status som nasjonalparkar. Der er også to statlege skogområde i dei ulendte, krattkledde Ruahine og Tararua Ranges. Dei fire parkane kan by på høve til skisport, fotturar, jetbåtsport og rafting.
Regionstyret, som har ansvar for å ta vare på naturlege og fysiske ressursar, står for flaumvern og overvakar miljøproblem, som skadedyr og ureining. Innførte skadeplantar grip om seg og truar med å skada beitelandet i denne sterkt jordbruksavhengige regionen, og naturvernstyresmaktene har starta kontrollkampanjar. Dei har også sett i verk skadedyrkontrollar. Revekusu (Possum, Trichosurus vulpecula) vert sett på som det verste av skadedyra sidan dei øydelegg naturlege skogar og truar kvegdrift ved å spreia bovin tuberkulose (kutuberkulose). Program for skadedyrutrydding omfattar kaninar, kornkråker og ville geiter, medan andre eksotiske arter som Parma Wallaby (Macropus parma) wallaby, stikkveps, fritte, røyskattar og mustela også er kjelder til uro.
Busetnad mini|høgre|Kartet syner folketettleiken i Manawatū-Whanganui-regionen ved folketeljinga i 2006.
Manawatū-Whanganui hadde eit innbyggjartal på 243 700 menneske ved folketeljinga i 2018, og var då den femte mest folkerike regionen på New Zealand. Trass i det betydelege innbyggjartalet, er folketettleiken i regionen lågare enn landsgjennomsnittet med 10,3 menneske per kvadratkilometer, samanlikna med 13,1 for heile New Zealand. I perioden mellom folketeljingane i 2001 og 2006 voks folketalet med 1,6 %, eller 3 477 menneske.
Det er to større bymessige område i regionen. Palmerston North, med eit estimert folketal på 79 400 i 2006, har utvikla seg til eit utdanningssenter så vel som forsynings- og tenestesenter for den omkringliggjande landsbygda. Det andre store urbane området er Wanganui, med eit estimert folketal på 39 300 den 30. juni 2006. Andre urbane senter er Levin, Feilding, Dannevirke, Taumarunui, Foxton og Marton.
Byliv er ikkje det dominerande i regionen, ettersom halvparten av innbyggjarane bur utanfor eit større bymessig område. Meir enn ein tredjedel av populasjonen bur i mindre tettstadar eller på landsbygda. Sjølv om produksjon er ein viktig del av økonomien i regionen, er dei fleste verksemdene baserte på jordbruk som er krumtappen i næringslivet. Jordbruket sin dominans i kombinasjon med heller små bymessige område gir eit landleg preg i regionen, heilt ulikt naboregionen Wellington. Dei indre, meir kuperte og ulendte delane av regionen vert òg nytta av det newzealandske forsvaret til treningsområde. Forsvaret har tre basar i regionen.
Historie Før 1769: Om lag 3 % av maoriane held til i Wanganui-bassenget, og 8 % på Taranakikysten. Maoriar langs kysten lever av hagebruk, fiske og fangst, medan levekåra for maoriar lenger inne i landet er vanskelegare, og ofte basert på jakt og samling. 1820-1840: Ngati Toa og Te Atiawa-iwiane driv bort lokale iwiar frå områda deira. 1830: Te Rauparaha (Ngati Toa) omlægrar Putiki Pa som hemn for eit åtak på Kapiti Island, plyndrar pāen og drep dei som bur der. 1831: Europeiske handelsmenn kjem til Wanganui, leia av Joe Rowe, som skal ha handla med krympa menneskehovud (moko mokai). Ein krangel med lokale māoriar fører til at tre menn i følgjet hans vert drepne, og hans eige hovud kappa av og krympa. 1840: Edward Jerningham Wakefield (son til Edward Gibbon Wakefield) kjøper 40 000 acre (160 km²) land under tvilsame omstende, til New Zealand Company, inkludert Wanganui byområde. Dei første europeiske nybyggjarane kjem til Wanganui. 1842: Den første organiserte innvandringa av europeiske nybyggjarar til Horowhenua kjem til Paiaka. 1847: I juli finn Slaget ved St John's Wood stad, der 400 māoriar støyter saman med ein jamstor styrke britiske troppar. 1848: Krona kjøper Wanganui, 80 000 acres (320 km²), der 8 000 acres (32 km²) er tenkt sett til side som eit reservat. 1855: Nybyggjarar frå Paiaka flyttar nærare kysten til Foxton, som vert ei hamn med eksport av New Zealand flax, tømmer og jordbruksprodukt. 1856: Avisa Wanganui Chronicle kjem ut for første gong. 1860-åra: Skandinavar slår seg ned i Tararua District, og grunnlegg seinare Eketahuna, Dannevirke (1872) og Norsewood (1872).