Juzjnaja Keltma eller Søndre Keltma (russisk Южная Кельтма) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Ho startar nord i Perm, nær grensa til Republikken Komi og har ei lengd på 172 km. Ho munnar ut i Kama om lag 1060 km frå munningen hennar. Elvemunningen er delt inn i fleire greiner. Juzjnaja Keltma dannar eit nedslagsfelt på 5270 km².Энциклопедия Пермской области — Южная Кельтма
Dei største sideelvane hennar er Dzjuritsj, Olkhovka, Verkhnij Mal og Nizjnij Mal frå venstre, og Timsjer frå høgre.
Elva frys til tidleg i november og er islagsd til slutten av april. I den øvre delen er elva smal og svingete, medan den nedre delen er brei og roleg med sanddekte breidder.
I åra 1785-1822 vart Nordre Jekaterinskij-kanalen med ei leng dpå 20 km bygd mellom Søndre Keltma og Nordlege Keltma. Kanalen var i drift i 16 år før han vart nedlagd i 1836.Южная Кельтма
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Южная Кельтма» frå , den 17. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Perm Kategori:Sideelvar til Kama