Æge, norrønt Ægir, er herskaren over havet i norrøn mytologi. Han er gift med Rån (Ran), og saman har dei ni døtrer, havbølgjene. Æge blir også kalla Hlér og Gyme (Gymir).Arild-Hauge.com - Hvem Hva Hvor i Norrøn mytologi, besøkt 5. februar 2019.

Han er ofte kalla ein jotun, og omtalt som sonen til jotunen Fornjótr, som var konge av Finland, og bror til Logi (eld) og Kári (vind). Andre stader er det mindre klårt kva type vesen han er. I Skáldskaparmál av Snorre Sturlasson blir Æge identifisert med Gymer (Gymir) og Hlér som budde på Hlesey (Læsø).

Æge er kjend for gjesteboda sine. I Lokasenna (Loketretta) held han ein fest for æsene som blir øydelagd av Loke.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Æge» frå , og «Ægir» frå den 27. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Havgudar Kategori:Æser Kategori:Jotner