Bolsjoj Irgiz (russisk Большой Ирги́з, «Store Irgiz») eller berre Irgiz (russisk Ирги́з) er ei elv i Samara og Saratov oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 657 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 23 m³/s.

Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt-platået og renn frå her vestover steppene gjennom eit meanderande elveløp. Elva munnar ut i Volgograd-reservoaret i Volga ved byen Volsk.

Byen Pugatsjov ligg òg ved Bolsjoj Irgiz.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bolsjoj Irgiz» frå , den 1. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Samara oblast Kategori:Elvar i Saratov oblast Kategori:Sideelvar til Volga