Usjajka (russisk Уша́йка) er ei elv i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Tom frå høgre. Elva er 78 km lang.
Usjajka spring ut frå Kuznetsk Alatau, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella. Ho munnar ut i Tom nær sentrum av Tomsk.
I følgje ei lokal segn kjem namnet frå ein unggut, Usjaj (russisk Ушай). Han var kjærasten til den vakre Toma, som gav namn til elva Tom.Segna om Usjaj (russisk)
Usjajka var farbar på 1800-talet, men vert ikkje lenger nytta til skipsfart. Usjajka deler Tomsk i ein nordleg og ein sørleg del, og det er over ti bruer som kryssar ho her. I den øvre delen renn elva gjennom skogområde og vatnet er kaldt, sjølv midt på sommaren, og klårt. I nærleiken av Tomsk vert derimot vatnet i Usjajka skittent på grunn av industri og utsleppp i området.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ushayka River» frå , den 2. november 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tomsk oblast