Jihlava er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Jihlava okres i regionen Vysočina kraj i Tsjekkia. Jihlava har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město). Byen ligg ved elva Jihlava (tysk Igel). Her gjekk den gamle grensa mellom Mähren og Böhmen, og byen er av dei eldste gruvebyane i Tsjekkia, om lag 50 år eldre enn Kutná Hora.
Historie Ein gammal slavisk busetnad ved vadestaden over elva (først nemnd i 1233) vart flytta til ein nærliggande ås der gruvebyen vart grunnlagd (om lag 1240) av kong Václav I i mellomalderen. Han var stort sett busett av tyskarar frå nord i Bayern og øvre Sachsen. Gruvene frå mellomalderen med gruvebusetnader rundt låg utanfor bymurane. I følgje ei segn skal det ha vore sølvgruver i drift her så tidleg som 799, men det finst ingen historiske bevis for dette.
Under hussittarkrigane var Jihlava ein katolsk by og klarte å stå imot ei rekkje omleiringar. Seinare, den 5. juli 1436 vart det gjort ein avtale med hussittane der keisar Sigismund anerkjende kongen av Böhmen. Ei utskjering i marmor nær byen markerer staden der Ferdinand I i 1527 svor truskap til den bømiske statane.
Under trettiårskrigen vart Jihlava erobra to gonger av svenskane. I 1742 vart han underlagd Kongedømet Preussen under den austerrikske arvefølgjekrigen, og i desember 1805 vart bayarane under Wrede slått nær byen. I 1860 var byen barndomsheim for den bøhmsk-austerrikske komponisten Gustav Mahler.
Før 1945 var Jihlava senter for den nest største tysktalande enklaven i Tsjekkoslovakia (etter Schönhengst/Hřebečsko). Etter den andre verdskrigen var over vart dei tyske innbyggjarane i byen anten drepne eller fordrivne.
Verdt å sjå Av dei viktigaste byggverka i byen finn ein dei tidlege gotiske kyrkjene St. Jakob, Den vesle munkekyrkja av Vår Frue og den dominikanske kyrkja av Den heilage krossen, barokkyrkja St. Ignatius av Loyola, rådhuset og fleire offentlege bygg i gotisk og renessansestil. Det finst òg ein jødisk gravplass med mange usedvanlege monument, som gravsteinen til foreldra til Gustav Mahler.
Administrativ inndeling
Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Jihlava er ein slik by med utvida fullmakter.
Lovbestemt by Jihlava har status som lovbestemt by frå år 2000 gjennom Lov av 15.05.2000 om kommunar (kommunal organisering).
Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Jihlava og områda rundt. 54 kommunar frå det administrative området til Jihlava inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem to kommunar frå det administrative området til Havlíčkův Brod.
Kommunar Det administrative området til Jihlava omfattar 78 kommunar. Av desse er 4 byar (tsjekkisk město) og 6 marknadsbyar (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.
Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Jihlava SO 96 042 97 486 98 782
Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Jihlava 50 523 Třešť 5 451 Polná 5 089 Brtnice 3 712 Luka nad Jihlavou 2 958 Batelov 2 276 1 896 1 800 1 321 1 244 1 218 1 070
Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Jihlava 41 265 Třešť 5 058 Polná 4 472 Horní Kosov 3 795 Luka nad Jihlavou 2 812 Brtnice 2 385 1 800 Batelov 1 783 1 361 1 134 1 082 1 065 1 036 1 015
Bydelar i Jihlava mini|250px|Bydelane i Jihlava Bydelane og tettstadene i Jihlavy: Bydel/tettstad Folketal 2021 Jihlavy 41 265 Jihlava by 41 265 577 284 1 036 180 201 Horní Kosov 3 795 177 606 112 465 162 254 111 1 015 72 211 Jihlava kommune 50 523
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jihlava» frå , den 17. november 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettside Jihlava internasjonale dokumentarfilmfestival
Jihlava Jihlava Jihlava Jihlava