Manu er ei elv i det søraustlege Peru, og ei sideelv til Madre de Dios. Ho har ei lengd på 356 kilometer, alt gjennom biosfærereservatet Manu nasjonalpark i Madre de Dios-regionen.
Elva Manu blir til i den austlege skråninga av Andes mot Amazonasbassenget. Ho renn gjennom reservatet med same namn. Parken vart kunngjort i 1972 og i 1987 og er rekna som eit stort biosfærereservat, han kan huse ein av dei største konsentrasjonane av biologisk mangfald på jorda innanfor 19 098 km². Svært få menneske bur ved elvefaret. Parken er oppretta for vern, berre verksemd innan biologisk og antropologisk forsking kan gå føre seg der, dei skal vere avgrensa til observasjon av liv og økologiske prosessar i naturleg form. Dei fastbuande i parken er innfødde grupper av indianarar, hovudsakleg frå machiguenga.
Manu tømmer seg i Alto Madre de Dios, nedanfor utlaupet kalla berre Madre de Dios. Dette er nær byen Manu. Providencia og Piriquina er store sideelver til Manu.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Río Manú» frå , den 6. desember 2008. oppgav desse kjeldene: Perú: Compendio estadístico 2001 Sistema nacional Estadístico. Las aguas continentales de America Latina av R. Ziesler og G.D. Ardizzone
Kategori:Elvar i Peru Kategori:Madre de Dios-regionen