Bulandet bedehuskapell står på Kjempeneset i Bulandet i Askvoll kommune i Vestland, og er eit ombygd bedehus frå 1905.
Bedehuset vart vigsla som kapell 27. juli 1909, etter å ha vorte påbygd kor og klokketårn. På 1960-talet vart bygget restaurert og det vart bygd på sakresti. Fram til 1938 vart folk på Bulandet og Værlandet gravlagde ved Vilnes kyrkje på Atløy, men då vart det opna kyrkjegard på Værlandet. Bulandet fekk eigen gravplass i 1976. Han ligg på Kjempeneset, ikkje så langt unna bedehuskapellet.
Også tidlegare har det vore kapell i Bulandet, men dei er det berre nokre stadnamn att etter. Det første kapellet skal ha stått på Kyrkjeøyna ved Sandøya. Sidan skal det ha stått eit kapell på ein stad dei framleis kallar Kyrkjebakken på øya Gjelsa.«Bedehuskapella i Askvoll» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Dette vart rive i 1813.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Bulandet bedehuskapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Bulandet bedehuskapell høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti. Fram til 1. januar 2006 høyrde det til Vilnes sokn, men då vart sokna i prestegjeldet slegne saman tii eitt, Askvoll prestegjeld. Prestegjelda er seinare utfasa.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Red: Alf Henry Rasmussen – «Bulandet bedehuskapell» på s. 336 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Askvoll kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Oversikt over gravminne i Askvoll kommune på nettstaden disnorge.no Kart frå 1979 som viser soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet
Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Bedehuskapell i Vestland Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1909 Kategori:Bedehus