Lesnoj (russisk Лесно́й) er ein lukka by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg 254 km nord for Jekaterinburg ved breidda av elva Tura.

Historie Byen vart grunnlagt i 1947 då Fabrikk 418 vart bygt for å produsere høganrika uran (HEU) for produksjon av kjernefysiske våpen. Montering av atomvåpen gjekk òg føre seg her. I 1954 fekk byen status som lukka by, under namnet Sverdlovsk-45, for å verne produksjonen av atomvåpen Making the Russisk Bomb: From Stalin to Yeltsin, Cochran, Thomas et al., Westview Press, 1995.

Byen Sverdlovsk-45 var ein hemmeleg by fram til den russiske presidenten Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke dei historiske namna sine. Byen fanst ikkje på offisielle kart før då.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lesnoj i Sverdlovsk oblast» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:Lukka byar