Aprelevka (russisk Апре́левка) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved jernbanen mellom Moskva og Kiev, 42 km frå Moskva.
Aprelevka vart grunnlagd i 1899. Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1935, og bystatus i 1961.
Namnet på byen kjem frå det russiske «апрель» (aprel), som tyder «april».
Aprelevka sin mest kjende industri var den største fabrikken for produksjon av grammofonplater i Sovjetunionen, som vart grunnlagd i 1910 av tre tyske forretningsmenn. Det er òg ein kjemisk fabrikk i byen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Aprelevka» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1899