Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som handlar om politikk, litteratur og samfunn. Det kjem ut fire gonger i året og er på nynorsk. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan bladet får støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.
Tidsskriftet vart grunnlagt i 1894 av Arne Garborg. Seinare redaktørar har mellom anna vore Moltke Moe, Halvdan Koht, Olav Midttun, Bjarte Birkeland, Berge Furre og Hilde Sandvik. Tidsskriftet blei kåra til Årets tidsskrift i Noreg i 2010.
Tidsskriftet er medlemsbladet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i hovudsak eit abonnementsblad, men finst òg i nokre kioskar og bokhandlar i dei store byane. Bladet er òg tilgjengeleg i bibliotek i store delar av landet.
Redaktørar
Rasmus Flo 1894-1905 Arne Garborg 1894-1897 Arne Garborg 1905-1907 Moltke Moe 1894-1900 Halvdan Koht 1901-1908 Rasmus Løland 1907 Olav Midttun 1908-1960 Magne Skodvin 1951-1959 Bjarte Birkeland 1960-1968 Berge Furre 1967-1971 Bjarne Fidjestøl 1969-1973 Andreas Skartveit 1972-1978 Sverre Tusvik 1977-1980 Astrid Brekken 1979-1983 Sigrid Straand 1979-1983 Jon Tvinnereim 1979-1982 Ottar Grepstad 1984-1988 Borghild Gramstad 1989-1992 Jan Inge Sørbø 1992-1997 Nils Rune Langeland 1998–2002 Hilde Sandvik 2003-2006 Marit Eikemo 2003-2006 Bente Riise 2006-2013Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993 Knut Aastad Bråten 2014-2020 Janne Nygård 2020-2020 Astrid Sverresdotter Dypvik 2020-
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1894 Kategori:Norskspråklege tidsskrift