Kondrovo (russisk Кондрово) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjanja, en sideelv til Ugra, rundt 40 km nordvest for Kaluga.

Historie Kondrovo vert nemnt første gong i 1613. I 1790 vart det bygt ein papirfabrikk i landsbyen og på slutten av 1800-talet var han kjend for produksjon av papir av høg kvalitet. Han fekk bystatus i 1938.

Økonomi og næringsliv Hovudnæringa i byen er framleis papirfabrikken KBK - Kodrovskaja Bumazjnaja Kompanija (russisk: Кодровская бумажная компания - КБК), som i dag framstiller pergament, notatbøker, toalettpapir og hygieneartiklar for kvinner.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kondrovo» frå , den 30. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1613