Sestroretsk (russisk Сестроре́цк, finsk Siestarjoki, svensk Systerbäck) er ein by i Kurortnyj-distriktet i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved munningen til elva Sestra i Finskebukta, rundt 25 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.
mini|venstre|Jernbanestasjonen i Sestroretsk.
Sestroretsk vart grunnlagd av Peter den store i 1714 i samband med bygginga av ein ammunisjonsfabrikk (dagens Sestroretsk Verktøyfabrikk). Byen er òg kjend som ein kur- og badestad.
I 1812 vart byen innlemma i Storhertugdømet Finland. I 1864 vart byen overdratt til Russland i bytte mot eit løfte om kompensasjon, etter sigande i form av tilgang til ei isfri hamn ved Barentshavet ved Petsamo.Prosjekt Runeberg: «Siestarjoki»
I 1875 eksperimenterte Fjodor Pirotskij med elektrisk drivne jernbanevogner på Sestroretsk-banen. Elektrisiteten vart overført over ei avstand på rundt ein kilometer. Sjølv om eksperimentet ikkje varte, så var dette første bruk av elektrisitet til drift av jernbaner i verda.
Den nordvestlege delen av byen var ein del av Finland, under namnet «Rajakoki», frå 1917–1940 og 1941–1944.
Kjende personer frå Sestroretsk Leonid Andrejev – forfattar Mikhail Zosjtsjenko – forfattar Kornei Tsjukovskij – diktar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Sestroretsk» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1714