Tsjaplygin (russisk Чаплы́гин) er ein by i Lipetsk oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 70 km nord for Lipetsk.

Busetnaden Ust Stanovykh Rjas (russisk: Усть Становых Ряс) vart grunnlagd på området til dagens Tsjaplygin på første halvdel av 1600-talet. Han voks seinare til landsbyen (selo) Slobodskoje (russisk: Слободское). I 1695 bygde Peter den store eit lite palass i tre i nærleiken og i 1702 ei lita festning kalla Oranijenburg (russisk: Ораниенбург). Namnet, som opphavleg var ein tillemping av det tyske «Oranienburg» vart seinare redusert til «Raninburg» og så til «Ranenburg» (russisk: Раненбург).

I 1702 vart både festninga og landsbyen Slobodskoje overdrege til Aleksander Mensjikov, som bygde eit lite kloster her i 1712.

Han fekk bystatus Ranenburg i 1778. I 1948 vart namnet endra til Tsjaplygin etter den russiske fysikeren Sergej Tsjaplygin, som vart fødd her i 1869.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjaplygin i Lipetsk oblast» frå , den 1. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1638