Potsjinok (russisk Починок) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Khmara, rundt 50 km søraust for Smolensk.
Potsjinok vart grunnlagd i 1868 som ein jernbanestasjon på Riga–Orjol-jernbanen. Han utvikla seg raskt til ein marknadsplass for regionale produkt og fekk bystatus i 1926.
Flybasen Sjatalovo ligg 8 km sør for byen.
Målaren El Lisitskij vart fødd i Potsjinok.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Potsjinok» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1868