«Under the Boardwalk» er ein song skriven av Kenny Young og Arthur Resnick og spelt inn av The Drifters i 1964. Singelen nådde fjerdeplass på den amerikanske singellista.

Songen skulle spelast inn 21. mai 1964, men vokalisten i bandet, Rudy Lewis, døydde uventa av ein heroinoverdose kvelden før. Lewis hadde sunge på alle hittane deira sidan Ben E. King hadde forlate bandet i 1960. I staden for å finne ein ny innspelingsdato, vart den tidlegare vokalisten i Drifters, Johnny Moore, ført tilbake for innspelinga.Gammond, Peter (1991). The Oxford Companion to Popular Music. Oxford University Press, New York. s. 165. Innspelinga vart ein suksess og singelen gjekk heilt til fjerdeplass på Billboard Hot 100.

«Under the Boardwalk» har vorte spelt inn fleire gonger sidan, mellom andre av The Beach Boys, The Rolling Stones, John Mellencamp, The Undertones, Bette Midler og Tom Tom Club.

Songen er rangert på 487. plass på musikkmagasinet Rolling Stone' si liste over dei 500 største songane gjennom tidene.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Under the Boardwalk» frå , den 22. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:The Drifters-songar Kategori:Rolling Stones-songar 489 Kategori:Skeeter Davis-songar Kategori:Sam & Dave-songar Kategori:Mud-songar Kategori:Tom Tom Club-songar Kategori:Rickie Lee Jones-songar Kategori:John Mellencamp-songar Kategori:Bruce Willis-songar Kategori:Lynn Anderson-songar Kategori:Bette Midler-songar Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Inner Circle-songar Kategori:Guy Sebastian-songar