mini|Sparebanken Sørs filial på Eydehavn i Arendal kommune.

Sparebanken Sør er ein sjølvstendig sparebank med ein forvaltningskapital på 90 mrd. kronar og ca 500 årsverk per 1. januar 2014. Hovudkontoret ligg i Kristiansand. Banken betener personkundar, næringsliv og offentleg sektor frå 40 ekspedisjonsstader i Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark.

Historia til banken går heilt tilbake til 1824, då Christianssands Sparebank vart etablert.

Sparebanken Sør eig Sørlandets største eigedomsmeglarselskap Sørmegleren. Banken har også eigarlut i Frende Forsikring, Norne Securities og Brage Finans.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske bankar Kategori:Vest-Agder fylke Kategori:Aust-Agder fylke Kategori:Telemark fylke Kategori:Skipingar i 1825