Užice (kyrillisk Ужице) er ein by og kommune i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen 48 539 innbyggjarar, men medrekna forstadane har byen nesten 70 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Zlatibor. Byen ligg ved breidda av elva Đetinja.

Historie Antikken Regionen der Užice ligg vart først busett av illyrarar, særleg stammene Parthini og Autariatae. Gravene deira finst i heile regionen. Regionen vart annektert av Romarriket og vart ein del av provinsen Dalmatia.

Mellomalderen og Det osmanske riket I mellomalderen flytta fleire slaviske folk til området. Rundt 1180 annekterte Stefan Nemanja Užice til Raška (Sandžak) . Då kong Dragutin abdiserte til fordel for broren Milutin, heldt han kontrollen over Užice og fekk regionen Mačva av den ungarske kongen. Av dette danna han kongedømet Srem. Då kong Dragutin døydde, vart landområda hans annektert av Serbia. Etter tsar Stefan Dušan døydde, kom Užice under Vojislav Vojinović sin kontroll, men han vart styrta av Nikola Altomanović. Lazar av Serbia og Tvrtko I av Bosnia slo Nikola Altomanović og delte landområdet hans mellom seg. Užice kom då under Knez Lazar sin kontroll.

mini|venstre|Gamlebyen, eit mellomalderby

Užice vart erobra av Det osmanske riket i 1463, og var ein del av Beograd Pašaluk fram til 1807, då han vart frigjort av ein serbisk hær under det første serbiske opprøret. Han var det administrative setet i regionen og distriktet, med mange handelsmenn og handverkarar. Først mot slutten av 1800-talet utvikla han seg til ein industriby. Det første vasskraftverket i Serbia vart bygr i Užice, basert på prinsippa til Nikola Tesla. Det vart bygd i elva Đetinja i 1900.

Republikken Užice I 1941 vart Užice frigjort av partisanane, som gjorde byen som hovudstad i Republikken Užice. Denne republikken var ein kortvarig ministat som eksisterte hausten 1941 i den vestlege delen av det naziokkuperte Serbia.

Republic Užice bestod av nesten heile det vestlege Serbia, og hadde meir enn 300 000 innbyggjarar. Han låg mellom elvane Skrapež i nord, Drina i vest, Zapadna Morava i aust og Uvac i sør.

På denne tida produserte fabrikkane i Užice hovudsakleg utstyrt for militært bruk. Tog og vegar fungerte og det vart trykt bøker og aviser, medan krigen heldt fram i Jugoslavia og verda elles.

I november 1941 gjenerobra derimot Wermacht området, medan dei fleste partisanane flykta til Bosnia, Sandžak og Montenegro.

mini|venstre|Togstasjonen i 1970-åra

Jugoslvia Det sosialistiske Jugoslavia vart oppretta etter den andre verdskrigen og Užice fekk namnet Titovo Užice (Титово Ужице). Frå 1992, då kommuniststyret i landet kollapsa, vart «Titovo»-delen (som tyder «Titovo sin») av namnet fjerna. Han var ein av åtte byar i Jugoslavia som fekk dette tilnamnet, og som følgje av dette vart det investert mykje pengar i infrastruktur og lokale fabrikkar i byen.

1990-åra I 1990-åra gjekk det dårleg økonomisk i Užice som følgje av krig og politisk ustabilitet.

I 1999 vart byen bombardert fleire gonger under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999. 6. mai vart mange vegar, motoverga, flyplassen og både sivile og offentlege byggverk råka av bombene.

Det moderne Užice I dag er industrien den viktigaste næringa i Užice kommune. Den mest utvikla industrien er ikkje-jernhaldig metallurgi, metallhandsaming og tekstilindustri.

Dei viktigaste føretaka er Valjaonica bakra og Valjaonica aluminijuma, Metaloprerada, Alfaplast, Tvrdi metal, Woksal, Sinter, Autoventil og FASAU, alle i metallindustrien, og i tekstilindustrien er det Frotex, Kadinjača og Desa Petronijević.

Bydelskommunar Frå 2013 er Užice er delt inn i to bydelskommunar, Sevojno og Užice.

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Užice 75 577 70 939 63 571 Sevojno 7 445 7 101 6 426 Užice 83 022 78 040 69 997

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 45 667 1953 50 755 1961 57 062 1971 67 555 1981 77 049 1991 82 723 2002 83 022 2011 78 040 2022 69 997

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Bydelskommune Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Užice Užice 55 083 52 646 48 539 Sevojno Sevojno 7 445 7 101 6 426 Užice 1 092 1 316 1 284 Užice 1 049 1 082 1 076 Užice 1 094 922 818

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Užice» frå , den 23. mars 2009.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Uzice OnLine Uzice nettportal

Kategori:Byar i regionen Šumadija og vestlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Zlatibor Kategori:Bydelskommunar i Užice Kategori:Distriktet Zlatibor