«Almost Hear You Sigh» er ein song av The Rolling Stones frå albumet Steel Wheels frå 1989.

Songen vart skriven av Mick Jagger, Keith Richards og Steve Jordan, og vart først skriven og spelt inn for det første soloalbumet til Richards, Talk is Cheap, men kom ikkje med der. Eit år seinare spelte Richards songen for Chris Kimsey og Mick Jagger medan dei spelte inn plata på Montserrat frå mars til juni. Jordan er tilskriven etter arbeidet han gjorde med RIchards i 1987 og 1988.

Jagger endra noko av teksten , men stemninga og melodien er den same i Stones-utgåva. Charlie Watts la til ein tunge basslag til den nyare utgåva med Richards på skarp, karakteristisk rytmegitar.

Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1990. Songen nådde opp til 50. plass på Billboard Hot 100 i USA og gjekk noko høgare i Storbritannia. B-sida på singelen var «Break the Spell» som vart spelt inn på same tid, men som ikkje var på albumet. Musikkvideoen av songen er i svartkvit og viser kvart enkelt bandmedlem på juleferie med familiane sine, og er den einaste musikkvideoen med bandet der ingen av dei er filma samstundes.

Salslister Liste (1989) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Almost Hear You Sigh» frå , den 27. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Musikkvideoar regisserte av Wayne Isham Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar produserte av Chris Kimsey