Jakob Sørensson GiskegaardJakob Sørensen Giskegaard - ( Bildekunstner ) Kulturnett.no (), betre kjend som Tavle-Jakob, var ein norsk biletkunstnar og treskjerar frå Giske på Sunnmøre.Norsk kunstnerleksikon, b.A-G, Jacob Sørensen Giskegaard side 741 digital utgave

Tavle-Jakob var fødd på eit leiglendingsbruk under storgarden Giske. 22 år gamal fekk han i oppgåve å lage ny altartavle i Giske kyrkje. Han mangla reiskapar til å skjere i tre, og tok difor i bruk nokre ljåspissar som han omforma til knivar.

Etter han gifta seg i 1766 dreiv han eit bruk på garden Klokkarsund i Borgund. Kring 1778 måtte han gå frå garden. Han budde så fram til 1781 på Alnes i Giske, der kona var i frå. I 1782 budde han i Steinvågen, nær sentrum i den seinare byen Ålesund. Ved folketelijinga 1801 budde han på garden Giske att, der to av sønene var i ferd med å slå seg ned som leiglendingsbønder. Jakob flytta noko etter til garden Roald på øya Vigra, der han fekk seg eit lite stykke jord.

Forutan å ha stått for mykje av interiøret i Giske kyrkje, skar han fem altertavler til fem kyrkjer på Sunnmøre, attåt ei i Romsdal. Han stod bak altertavler til Vigra kyrkje, Vatne kyrkje, Skodje kyrkje og Sandøy kyrkje. Den siste tavla gjorde han seg ferdig med då han var over 80 år gamal. Ved sidan av desse lagde Tavle-Jakob også ei rekkje epitafium, almissebøsser og lause figurar.

Tavle-Jakob døydde som fattiglem på Roald i 1827.

Kjelder Oddgeir Bruaset: Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II, s. 36 – Skyline, 2008. ISBN 978-82-91385-48-8.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske treskjerarar Kategori:Folk frå Giske