Ipswich Town Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb frå Ipswich i Suffolk. Klubben skal i 2009/10-sesongen spela i Football League Championship, det 2. nivået i engelsk fotball, der dei har spelt sidan dei rykte ned frå Premier League i 2002. Klubben blei stifta i 1878 og blei vald inn i The Football League i 1938. Kallenamnet til klubben er "The Tractor Boys" - (Traktorgutane), og dei spelar heimekampane sine på Portman Road i Ipswich, som ligg om lag 13 mil nordaust for London. Eit av dei klassiske lokaloppgjera i engelsk fotball er kampane mellom Ipswich Town og klubben frå nabobyen, Norwich City.

Historie Tidleg historie Klubben vart stifta som amatørklubb i 1878, under namnet Ipswich AFC. I 1888 slo dei seg saman med Ipswich Rugby Club og skifta namn til Ipswich Town. I 1936 vart klubben profesjonell og spelte i to sesongar i Southern League. I 1938 vart Ipswich vald inn i Fotballigaen, i 3. divisjon sør. Dei nådde 2. divisjon for første gong i 1954, og rykte for første gong opp i 1. divisjon i 1961. I den første sesongen i 1. divisjon, 1961/62, vart dei sensasjonelt seriemeistrar. Managageren frå 1955 til 1963, Alf Ramsey, slutta for å bli landslagstrenar for England. Etter to sesongar til i 1. divisjon rykte Ipswich ned att i 1964, men kom tilbake til 1. divisjon i 1968. Denne gongen klarde klubben å stabilisera seg på eit høgt nivå, og vart verande i 1. divisjon til 1986.

Glansdagane Glansdagane til klubben kom i Bobby Robson si tid som manager, frå 1969 til 1982. Dei vart FA-cupmeistrar i 1978 og kom på 2. plass i serien i 1980/81 og 1981/82. Frå 1973/74-sesongen til 1982/83-sesongen kvalifiserte klubben seg til Europacup-spel kvar sesong utanom éin. Dei vann UEFA-cupen i 1981. Andre merkbare resultat frå Europacup-spel kom i 1973/74-sesongen då dei slo ut både Real Madrid og Lazio frå UEFA-cupen, og i 1979/80-sesongen då dei slo ut Skeid frå Oslo i 1. runde av UEFA-cupen. Etter at Robson forlet klubben for å ta over som landslagstrenar for England, vart klubben sine resultat raskt dårlegare, og i 1986 rykte dei ned i 2. divisjon.

Nyare tid Ipswich Town rykte opp att til øvste nivå i 1992, i tide til å vera med i dei tre første sesongane av den nye Premier League, utan imponerande resultat, før dei rykte ned att på 2. nivå i 1995. Manageren George Burley fekk halda fram i jobben trass i nedrykket, og leia laget tilbake i Premier League i 2000, for siste gong så langt. Klubben klarde ein imponerande 5. plass i 2000/01-sesongen, men allereie neste sesong rykte dei ned att, og har spelt på 2. nivå (Division One/Football League Championship) sidan då. Den same sesongen som dei rykte ned frå Premier League kvalifiserte dei seg til Europacup-spel gjennom ein "Fair play"-plass, og spelte dermed i UEFA-cupen samstundes som dei spelte i nest høgaste divisjon heime, i 2002/03-sesongen. Manageren Burley vart erstatta av Joe Royle hausten 2002. Ipswich spelte playoff for opprykk til Premier League både i 2004 og 2005, men utan hell. Sommaren 2006 vart Royle erstatta som manager av spelaren Jim Magilton, som etter tre sesongar utan å ha fått klubben tilbake i Premier League mista jobben i april 2009. Den nye manageren vart Roy Keane.

Merittar TROFE TAL ÅR Ligameister 1 1961/62 FA-Cupen 1 1978 UEFA-cupen 1 1981 Texaco Cup 1 1973 FA Youth-cup 3 1973, 1975 og 2005

Nr. 2 i 1. divisjon: 1980/81 og 1981/82. Vinnar av 2. divisjon: 1960/61, 1967/68 og 1991/92. Vinnar av playoff-finale i 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 1999/00. Vinnar av 3. divisjon (sør): 1953/54 og 1956/57. Beste resultat i FA Premier League: Nr. 5 i 2000/01. Beste resultat i Ligacupen: Semifinale i 1982 og 1985. Deltaking i serievinnarcupen (forløpar til Meisterligaen): 1962/63. Deltaking i UEFA-cupen: 1973/74, 1974/75, 1975/76, 1977/78, 1979/80, 1981/82, 1982/83, 2001/02 og 2002/03.

Spelarstall 2010/11-sesongen

Engelske landslagsspelarar Sidan 1878 har Ipswich hatt 12 engelske landslagsspelarar. Dei har spelt 156 kampar, og skåra 22 mål for England i desse kampane. I 145 av kampane har spelaren frå Ipswich vore med frå start, og åtte gonger har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Ipswich på klubbnivå.

Nr.LandslagsspelarNamnKamparFrå startInnbytarKapteinMålTidsrom1Nr. 801Raymond Crawford2200122/11·1961 - 04/04·1962 2Nr. 882Mick Mills424028011/10·1972 - 05/07·1982 3Nr. 905Kevin Beattie9720116/04·1975 - 12/10·19774Nr. 907Colin Viljoen2200017/05·1975 - 21/05·19755Nr. 908David Edward Johnson3300321/05·1975 - 03/09·19756Nr. 928Paul Mariner3328501430/03·1977 - 16/11·19837Nr. 929Brian Talbot5410028/05·1977 - 15/06·19778Nr. 931Trevor Wymark1010012/10·1977 - 12/10·19779Nr. 944Russell Osman111100031/05·1980 - 21/09·198310Nr. 945Terry Butcher454500331/05·1980 - 22/06·198611Nr. 949Eric Gates2200010/09·1980 - 15/10·198012Nr. 1101Richard Wright1100003/06·2000 - 03/06·2000

Managerar ManagerPeriodeKamparVunneUavgjortTaptMick O'Brien01/08·1936 - 01/11·19372101Scott Duncan01/11·1937 - 01/08·1955477191107179Alf Ramsey01/08·1955 - 01/04·196336317274117Jackie Milburn01/04·1963 - 30/09·196467161536Bill McGarry01/10·1964 - 01/11·1968181765847Bobby Robson01/01·1969 - 07/07·1982617267153197Bobby Ferguson08/07·1982 - 20/05·1987240866193John Duncan16/06·1987 - 08/05·1990150652956John Lyall10/05·1990 - 05/12·1994124474532George Burley28/12·1994 - 11/10·200240918597127Joe Royle28/10·2002 - 11/05·2006189814860Jim Magilton05/06·2006 - 22/04·2009143553949Roy Keane23/04·2009 -

Kjelder Rollin, Jack (1998): ROTHMANS BOOK OF FOOTBALL RECORDS. Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7472-1954-0 Rollin, Glenda & Rollin, Jack (2006): SKYSPORTS FOOTBALL YEARBOOK 2006-07. Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7553-1526-X

Bakgrunnsstoff Klubben si offisielle heimeside Norwegian blues - Ipswich sin norske supporterklubb Klubbside frå BBC Oversikt over klubben sine resultat i liga og cup Nettstad om Ipswich Town (Pride of Anglia) Nettstad om Ipswich Town (TractorBoys) Uavhengig nettstad om Ipswich Town (BluesWeb) Uavhengig nyheitsnettstad om Ipswich Town (TWTD) Oversikt over engelske landslagsspelarar (England Football Online) Klubbside frå Soccerbase

Kategori:Engelske fotballag Kategori:Suffolk Kategori:Skipingar i 1878