Ulvsnesøy, Olsnesøyni eller Olsnesøyna (forma som er godkjend av Kartverket) er ei øy i Sørfjorden i Osterøy kommune. Øya ligg like utanfor Bruvik.
I 1881 vart det oppretta ein skule for gutar i alderen 10 til 15 år på øya, Ulvsnesøy skule. Skulen vart starta som Ulfsnesøens Opdragelsesanstalt i Nordhordland for vanartede og forvildede gutter, og vart lagt ned i 1981. Gutane som budde og gjekk på skulen vart sende dit av styresmaktene på grunn av omsorgssvikt eller åtferdsproblem. Etter at skulen vart lagt ned i 1981 vart han omgjort til ein del av Bergen fengsel. I juni 2019 vart øya seld til ein privat eigar for 11,8 millionar kroner etter at fengselsdrifta hadde blitt avvikla tidlegare det året.
Kjelder
Bergen byarkiv Kriminalomsorga om fengselsavdelinga på Ulvsnesøy
Kategori:Øyar i Vestland Kategori:Geografi i Osterøy Kategori:Fengsel i Noreg