Rune Slagstad () er ein norsk sosiolog, historikar, rettsteoretikar og politikar (SV). Han er professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, senter for profesjonsstudier. Slagstad har vore medredaktør i PaxLeksikon og tidsskrifta Kontrast og Nytt Norsk Tidsskrift. Hovudverket hans er De nasjonale strateger frå 1998. For Nytt Norsk Tidsskrift vart Slagstad tildelt Fritt Ords honnør i 1996.
Slagstad tok magistergrad i sosiologi i 1975 og vart dr.philos. i 1986 med avhandlinga Rett og politikk: et liberalt tema med variasjoner. Han var forlagsredaktør i Pax Forlag 1971–1978 og medredaktør i PaxLeksikon 1978–1981. I 1989 vart han professor II i rettsteori ved Universitetet i Oslo, og vart tilknytt Institutt for samfunnsforskning frå same år.
Slagstad er medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, styremedlem i Fondet for dansk-norsk samarbeid (1998-), medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (2002-) og styremedlem i Morgenbladet (2003-). Han har vore nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.
Bibliografi 2008 - (Sporten): en idéhistorisk studie Pax forlag, ISBN 978-82-530-3095-1 2005 - Utvalgte polemikker samling av publiserte debattinnlegg og artiklar, med illustrasjonar av Finn Graff. ISBN 82-530-2793-1 2001 - Rettens ironi nyutgjeving av doktorgrad frå 1987 Pax forlag, ISBN 82-530-2337-5 2000 - Kunnskapens hus. Fra Hansteen til Hanseid Pax forlag, ISBN 82-530-2234-4 (ny og utvida utgåve 2006 ISBN 978-82-530-2920-7) 1998 - De nasjonale strateger ISBN 82-530-2024-4 (2. utgåve 2001 ISBN 82-530-2336-7) 1988 - Constitutionalism and democracy redigert saman med Jon Elster ISBN 0-521-34530-8 1987 - Rett og politikk: et liberalt tema med variasjoner Doktorgradsavhandling frå Universitetet i Oslo 1980 - Positivisme og vitenskapsteori: et essay om den norske positivismestriden Universitetsforlaget. Oslo. (Tidlegare utgjeve som innleiingskapitell i Positivisme, dialektikk, materialisme (1976)) ISBN 82-00-01966-7 1976 - Positivisme, dialektikk, materialisme (redaktør)
Bakgrunnsstoff
Litteratur Svein Sundbø: Rune Slagstad - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1962-2005. - Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier, nr. 9 2005. - 64 s. Bibliografien har også et biografisk forord.
Kategori:Norske sosiologiprofessorar Kategori:Professorar ved Høgskolen i Oslo og Akershus Kategori:Folk frå Bergen kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:SV-politikarar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi