Baskarfjella er ei lita fjellkjede nord i Spania. Ho vert vanlegvis rekna som den austlege delen av Dei kantabriske fjella. Fjellkjeda går gjennom regionen Baskarland og dei vestlege områda av Navarra.
Geografi
Baskarfjella er ein overgangssone mellom to større fjellkjede, Dei kantabriske fjella i vest og Pyreneane i aust. Geologar kallar området «Den baskiske terskelen» og somme reknar Dei kantabriske fjella og Pyreneane som ei enkel, stor fjellkjede, og Baskarfjella som ein del av begge.
Baskarfjella består av to parallelle ryggar som går frå vest til aust, ein indre og ein ute ved kysten. Mellom dei ligg eit 500 meter høgt platå kalla Llanada Alavesa (Alavaslettene) der Vitoria-Gasteiz ligg. Aust for Llanada ligg den smale dalen Burunda og Barranca (eller Sakana på baskisk) mellom dei to ryggane. Urbasa-Andia ligg i sør og Sierra de Aralar ligg i nord. I dalen ligg gjennomfartsårer mellom Vitoria-Gasteiz og Pamplona.
Klima mini|Aratz frå Alava (Llanada Alavesa).|venstre
Ryggen som ligg nærast kysten er ein del av vasskiljet mellom Middelhavet og Atlanterhavet, og klimaet nord for fjella er mildare og meir maritimt, typisk for det såkalla grøne Spania, medan områda sør for kystfjella og langs den indre ryggen er kalde og snørik, og om sommaren tørrare og varmare enn dei nordlege fjella. Generelt har dei baskiske kommunane sør for denne fjellkjeda eit meir kontinental middelhavsklima med mindre nedbør og mykje kaldare vintrar enn kommunane ved kysten nord for fjellkjeda.
Snødekket er uregelmessig gjennom vinteren. Frå november til april kan ein ha snødekke i Baskarfjella over 700 meter over havet, men dei varierande vêrtilhøva i Biscayabukta kan både føre til stort snøfall og brå temperaturstigingar på grunn av fønvind der snøen smeltar på få dagar. Den brå snøsmeltinga kan føre til flaum, særleg på slettene nord i Alava.
Massiv mini|Txindoki i Aralar. mini|Hernio.
Fjellkjeda har moderate høgder. Aitxuri (1551 moh) i Aitzkorrimassivet er det høgaste punktet. Dei største massiva i den indre fjellkjeda er frå vest til aust: Sierra Salbada (Orduña) Fjella i Gasteiz, det viktigaste er Kapildui (1177 moh) Izki Urbasa, eit 1000 meter høgt platå Andía, med det imponerande Beriain (1493 moh) I kystfjella er dei største massiva frå vest til aust: Gorbea (Gorbeia) 1481 moh, det høgaste punktet i Bizkaia. Urkiola, Anboto (1331 moh) er den høgaste toppen. Elgea Aitzkorri Altzania, Aratz er den høgaste toppen (1442 moh). Aralar, den mest kjende toppen er Txindoki (1346 moh) Andre viktige fjell nærare kysten er Ganekogorta, Oiz, Sollube ,Arrate, Kalamua og Hernio mini|Mount Oiz.|venstre
Natur Fjellkjeda består nesten heilt av kalkstein, men ein finn òg enkelte andre bergartar. Fjellsidene er heller slake, men det finst fleire bratte kalksteinsklipper der ein finn gribbar.
Området har ein rik vegetasjon med bøk, eik og bjørk, og andre tresortar som den kantabriske steineika og montereyfuru. Sistenmnde er kunstig innført for plantasjar.
Bakgrunnsstoff Fjell i Baskarland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Basque Mountains» frå , den 11. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Spania Kategori:Fjell i Baskarland