mini|Tromsø hadde bypost 1881-89 Bypost og lokalpost er lokal postombering utført av private firma i konkurranse med det statlege postvesenet, eller før det fanst ei tilfredsstillande offentleg postombering.
Frå Postvesenet vart oppretta i 1647 var brevformidling eit statleg monopol i Danmark-Noreg. Eineretten omfatta imidlertid ikkje lokal postformidling i byane. Med aukande postmengder opna dette for privat bypost i mange byar. Postloven av 1888 utvida Postvesenets einerett til brevformidling (lukka sendingar) i heile landet, dvs også lokalt i byane. Nokre av bypostane fekk likevel halde fram. Den siste – Trondhjems Bypost – vart avvikla først i 1913 då eigaren døydde.
Slike bypostfirma har hatt liten betydning samferdsleshistorisk, men fleire har gjeve ut eigne frimerke, og desse frimerka er eit eige samlerområde for filatelistar.
I Noreg har det eksistert bypost i fleire byar: Arendal 1885-1893 Bergen 1865-1878 Drammen 1869-1888 Grimstad 1887-1887 Hammerfest 1888-1888 Holmestrand 1888-1888 Horten 1882-1888 Kragerø 1886-1886 Christianssund A 1878-1879 Christianssund B 1887-1889 Levanger 1888-1888 Mandal 1886-1888 Namsos 1888-1889 Steinkjær 1888-1888 Tromsø 1881-1889 Throndhjems 1865-1913 Tønsberg 1884-1890 Vadsø 1893-1895 Vardø 1893-1895http://home.c2i.net/vardofk/BYPOST.htm Ålesund 1880-1891 Spitsbergen (Ny-Ålesund—fastlandet) 1896. Seinare er det gitt ut «frimerke» utan postal funksjon.Håndbok over norske filatelistika 1969
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bypost» frå , den 20. mai 2009.
Bakgrunnsstoff Privat samlerside Katalog over norsk bypost bokomtale
Kategori:Frimerke Kategori:Postvesen